Breføring over Fannaråkbreen 

For å kome opp til Fannaråkhytta er det mogleg å krysse Fannaråkbreen. Vi fører over breen i somarsesongen, og stiller både med guide og det utstyret ein treng for å kome trygt over.                                    Vi fører på breen i perioden 25. juni - 4. september i 2021.

Påmelding:

Breføring krev påmelding!​​​​​​​ 

For påmelding til breføring send ein e-post til Fannaråkhytta seinast to dagar før. Vi trenger navn og telefonnummer på en i turfølget, antall personer, dato og om dere skal gå opp eller ned breen.

Melder du deg på seinare enn to dagar før, må du ta direkte kontakt på telefon til Fannaråkhytta.

Skal du bu på Sognefjellshytta kan du melde deg på breføring direkte til Sognefjellshytta.

Fannaråkhytta: 

E-post: fannarakhytta@dnt.no

Tlf: 48 15 22 44



Praktisk info:

Me stiller med tau, sele og i tilfelle is på breen har me også brodder me kan dele ut.

Det er viktig med godt fottøy og bekledning for å bli med over breen. Gamasjer er anbefalt tidleg på sesongen, da snøen ofte ikkje har smelta heilt bort. Joggesko er ikkje tillete.

Ha med deg ekstra varme klede i sekken. Dette er kjekt å ha dersom du kjem i god tid før breføringa startar, eller at været endrar seg på turen. 

Sørg for at du har spist, drukket og unnagjort andre nødvendige gjeremål før breturen startar, da me kun har nokon korte stopp på breturen.

Det er mulig å ha med hund på breturen. Hunden må da være festet i kroppsele.

Av sikkerhetsmessige årsaker er det ikkje anledning til å ha med barn i beremeis.


Pris:

175,- for medlem,
230,- for ikkje-medlem

Det er same pris for born og vaksne.
​​​​​​​Nedre aldersgrense 6 år.

Frå Sognefjellshytta , opp breen og til Fannaråken:

Oppmøtestad: Nedre brekant på Fannaråkbreen​​​​​​​.
Oppmøtetid: 12:30 
Tid til breen: Turen frå Sognefjellshytta til nedre brekant tek ca. 2 timer, og går på T-merka sti.                                                         

 Turen fra Sognefjellshytta og over breen er den lettaste vegen til topps, då ein startar i 1430 meters høgde, medan dei andre turane startar på hhv. 850 og 950 meter. Stien frå Sognefjellshytta er T-merka, sjå ruta på UT.no. Ver obs på skilting allereie ved hytta. Stien går fyrst langs vegen mot Turtagrø, og tar så av sørover (til venstre når ein kjem frå Sognsfjellshytta). Det er mogleg å havne på feil sti om ein ikkje følgjer litt godt med i starten, men det er skilta og merka godt. Rett etter kyssing av elva som renn ut i austsida av Prestesteinsvatnet, gå vestover (til høgre) og følg stia langsmed sørsida av vatnet. Ved nedre brekant møter ein breførar. Turen over breen tek normalt 1-1,5 timer. Deretter kjem ein inn på T-merka sti, og derfra er det 400 høgdemeter og 2 km til toppen. Alt mellom klokka 16.00-18.00 er normal tid å komme fram til hytta på toppen!

Frå Fannaråken, ned breen og til Sognefjellshytta:

Oppmøtestad og oppmøtetid:  Informasjon om dette får du dagen før eller samme dag av betjening på Fannaråkhytta.
Tid til breen: Turen frå Fannaråkhytta til avtalt oppmøtepunkt tek normalt 1-2 timer. Rådfør deg med vertskapet på Fannaråkhytta om kor lang tid du bør beregne.

Frå Fannaråkhytta til øvre brekant følgjer ein T-merka sti mot Skogadalsbøen. Etter ca. 1-1,5 time møter ein eit skilt om breføring på 1700 moh. Her møter ein breføraren. Når ein skal vere med over breen frå Fannaråkhytta får ein med seg sele og evt. anna utstyr frå hytta. Normalt er me ved nedre mellom klokka 12-12.30, men det er heller ikkje uvanleg at me kjem ned enda seinare.

Breføringa kan verte avlyst, eller tidspunkt kan bli endra på kort varsel dersom me vurderar vær og forhold som ikkje forsvarleg. Breføringa kan og verte avlyst på kort varsel dersom det er ingen eller få påmeldte. Me tek kontakt med dei påmeldte ved endringar.