historie

Hytta i dag

I dag disponerar DNT båe hyttene på Fanaråken, og det kan jammen trengjast når ein veit at det til tider kan vera nærare 110 overnattingsgjester på Fanaråken. Den gamle metereologhytta vert no nytta som sovekvarter, medan hovudhytta i hovedsak vert nytta til matservering, som opphaldsrom, samt mottak av dagsturistar. 

Sjølv om det kan verta saligt om plassen og dei 32 sengene ikke rekk til allegjestene kan me lova at du altid vil få ei madrass, dyne og ein plass på golvet. Likeeins med maten. Du får kanskje ikkje plass på første eller andre bordsetning, men mat vil du få. Til frukost serverar me nybaka brød kvar dag!!

Kvar kjem namnet frå?


Det er ikkje så lite dissens i dag om den korrekte skrivemåten for fjellet. Ein ser døme både på kart og i annan litteratur at både ein og to -n'ar vert nytta når ein skal skriva Fanaråken/Fannaråken. Me har her lagd oss på den mest brukte skrivemåten frå gamle kart og som dei lokale nyttar, nemleg ein -n. Ein eller to -n'ar, namnet kjem mest truleg frå "Fonna som ryk", noko Wergeland nytta i sitt dikt Spanjolen:

Skynd dig, skynd dig
Flyv som en hind
Se hvor det griner bak Fanarauktind 

Kalde fakta

Hytta har ope i juli, august pluss to veker i september. Basert på målingar som vart gjorde frå 1926 til 1978 kan me fastslå at gjennomsnittstemperaturen i juli og august er hhv. pluss 2,6 og 2,0 grader celsius. Resten av året er snittemperaturen negativ. 

Det metereologane kallar godversdagar skal det vere totalt 60 dagar av i året og 11 i dei to sommarmånadane på Fanaråken. No er nok veret slik dei fleste oppfattar det betre enn dette, men det er eit uunngåeleg fakta at me har mykje skodde på Fanaråken. 

At vinden kunne vera sterk kan nok metereologane som opplevde så sterk vindstyrke at dei ikkje kunne måla han med dei instrumenta dei hadde, skriva under på. Instrumenta deira gjekkberre til dobbel orkan!