Slik kjem du deg til Fannaråkhytta

Det er best å kome til Fannaråken ved å følgje dei T-merka stiane opp frå Sognefjellshytta, Turtagrø eller Skogadalsbøen. 

Turtagrø

Den mest tilgjengelige ruta går frå Turtagrø. Hit går det bilveg. Turen går først på grusveg inn Helgedalen, deretter på merka sti opp til toppen. Det er ca 8 km og 1200 høgdemeter frå Turtagrø og opp, og tek ca 5 timar.

Les meir om turen på UT.no

Sognefjellshytta

Ynskjer ein å bli med breføringa over Fannaråkbreen, kan ein starte på Sognefjellshytta. Hit går det bilveg. Derifrå går ein 2-2,5 timer inn til nedre brekant, der ein møtar breførar frå Fannaråkhytta i sommersesongen. Ein må melde seg på breføringa i forkant, sjå meir info her.

Les meir om turen inn til breen på UT.no

Skogadalsbøen

Ei tredje rute opp hit er frå Skogadalsbøen. Herifrå kjem ein om ein har gått igjennom Jotunheimen, frå mellom anna Fondsbu og Olavsbu. Då går ein opp Gjertvassdalen og via Fannaråknosi. Turen er ca 11 km og 1100 høgdemeter, og tek om lag 6 timar.

Les meir om turen på UT.no

___________________________________________________________________________________________

Kollektivtransport

Det går daglege bussrutar frå Oslo til Otta og frå Otta til Sognefjellshytta og Turtagrø om sommeren. Det går óg buss til Lom, som korresponderar med buss til Sognefjellshytta og Turtagrø.
Elles kan ein ta tog til Otta og buss vidare opp på Sognefjellet.

___________________________________________________________________________________________

Breføring

Det er breføring over Fannaråkbreen kvar dag i sommersesongen.

Les meir om breføring.