Logo
Til DNT.no forside
Andre uken av minutt for minutt gikk fem dager gjennom Jotunheimen. Turskilt på toppen av Fannaråken.

Slik kommer du deg til Fannaråkhytta

Enkleste vei til Fannaråken er å følge T-merka sti opp fra Sognefjellshytta, Turtagrø eller Skogadalsbøen.

Publisert: 30. august 2023
Inspirasjon

Turtagrø

Den mest tilgjengelige ruta går frå Turtagrø. Hit går det bilveg. Turen går først på grusveg inn Helgedalen, deretter på merka sti opp til toppen. Det er ca. 8 km og 1200 høgdemeter frå Turtagrø og opp, og tek ca. 4-6 timar.

Sognefjellshytta

Ynskjer ein å bli med breføringa over Fannaråkbreen, kan ein starte på Sognefjellshytta. Hit går det bilveg. Derifrå går ein ca. 2 timer inn til nedre brekant, der ein møtar breførar frå Fannaråkhytta i sommersesongen. Ein må melde seg på breføringa i forkant,
​​​​​​​sjå meir info om breføring her.

Les mer om turen inn til breen på UT.no

Skogadalsbøen

Ei tredje rute opp hit er frå Skogadalsbøen. Herifrå kjem ein om ein har gått igjennom Jotunheimen, frå mellom anna Fondsbu og Olavsbu. Då går ein opp Gjertvassdalen og via Fannaråknosi. Turen er ca 11 km og 1100 høgdemeter, og tek om lag 6 timar.

Les mer om turen på UT.no

Kollektivtransport

Det går daglege bussrutar frå Oslo til Otta og frå Otta til Sognefjellshytta og Turtagrø om sommeren.

Det går óg buss til Lom, som korresponderar med buss til Sognefjellshytta og Turtagrø. Fjellruta 200 Lom-Sogndal

Elles kan ein ta tog til Otta og buss vidare opp på Sognefjellet.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem