Mat og servering

Hyttedrift på 2068 meter medfører nøye planlegging av kva varer som skal opp. Dersom det vert for lite av ein sort er det bæring som må til - for det er kun ein transport kvart år. Tilsaman vert det 12-14 hiv med proviant under helikopteret for å få med alt opp. 

Alle forsyningar til driften av Fanaråkhytta vert frakta opp med helikopter, noko som har vorte gjordt heilt sidan utbyggjinga av Fortun Kraftverk tok til på slutten av 50 talet og helikopteret kom til området. 

Til drifta av hytta går det med mellom 6-8 tonn forsyningar i sesongen. Dette omfattar parafin til fyring, matvarer, gass til matlaging og diverse utstyr til vedlikehald av anlegget. 

Då det er liten plass i hyttene og ein ikkje har straum er hovedtyngda av provianten hermetikk. Vatn vil alltid vere eit problem på ein plass som Fanaråken med nokså langt ned til grunnvatnet. Alt vatn er smeltevatn eller regnvatn. Det kan difor i tørrår forekomme ut på sommaren at me rett og slett går tom for vatn. I slike høve vert det streng rasjonalisering og gjestene lyt sjølve ta med seg drikkevatn opp på hytta. Dette vil det då stå skilt om på omliggjande hytter og stiar.