Logo
Til DNT.no forside
Fannaråkhytta helt dekket i snø etter en snøstorm.

Historien til Fannaråkhytta

Hytta har ope i sommersesongen frå slutten av juni til begynnelsen av september.

Publisert: 16. oktober 2023
DNTs tilbud

Hytta i dag

I dag disponerar DNT båe hyttene på Fanaråken, og det kan jammen trengjast når ein veit at det til tider kan vera nærare 110 overnattingsgjester på Fanaråken. Den gamle meteoreologhytta vert no nytta som sovekvarter, medan hovudhytta i hovedsak vert nytta til matservering, som opphaldsrom, samt mottak av dagsturistar. 

Sjølv om det kan verta saligt om plassen og dei 34 sengene ikke rekk til alle gjestene kan me lova at du alltid vil få ei madrass, dyne og ein plass på golvet. Likeeins med maten. Du får kanskje ikkje plass på første eller andre bordsetning, men mat vil du få. Til frukost serverar me nybaka brød kvar dag!!

Kvar kjem namnet frå?

Det er ikkje så lite dissens i dag om den korrekte skrivemåten for fjellet. Ein ser døme både på kart og i annan litteratur at både ein og to -n'ar vert nytta når ein skal skriva Fanaråken/Fannaråken. Ein eller to -n'ar, namnet kjem mest truleg frå "Fonna som ryk", noko Wergeland nytta i sitt dikt Spanjolen:

Skynd dig, skynd dig
Flyv som en hind
Se hvor det griner bak Fanarauktind 

Kalde fakta

Hytta har ope i sommersesongen frå slutten av juni til begynnelsen av september. Basert på målingar som vart gjorde frå 1926 til 1978 kan me fastslå at gjennomsnittstemperaturen i juli og august er hhv. pluss 2,6 og 2,0 grader celsius. Resten av året er snittemperaturen negativ. 

Det meteorologane kallar godversdagar skal det vere totalt 60 dagar av i året og 11 i dei to sommarmånadane på Fannaråken. No er nok veret slik dei fleste oppfattar det betre enn dette, men det er eit uunngåeleg fakta at me har mykje skodde på Fannaråken. 

At vinden kunne vera sterk kan nok meteorologane som opplevde så sterk vindstyrke at dei ikkje kunne måla han med dei instrumenta dei hadde, skriva under på. Instrumenta deira gjekk berre til dobbel orkan!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem